Now hiring

Me er på jakt etter dyktige lærarar! @ Time kommune

BryneOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

På Rosseland skule er me opptatt av å spela på lag og gjera kvarandre gode. Hos oss er både elevar og tilsette på landslaget - Rosselandslaget!Saman skapar me den gode skulen, der målsettinga er at kvart barn skal ha framgang i si læring og utvikling. For å få dette til, er me på jakt etter deg som likar å spela på lag, og som kan sjå og møta den enkelte eleven eller tilsette som ein aktiv medspelar. Kanskje er du open for ein "overgang" til oss på Rosselandslaget? Kanskje har du gjort noko anna enn å jobba i skulen ei stund, men lengtar tilbake til det pulserande livet på ein moderne og stor barneskule? Kanskje er du på flyttefot til Jæren, eller Sør-Rogaland? Kanskje er du ein nyutdanna og framoverlent person som er på jakt etter draumejobben?Me er opptatt av å få tak i kvalifiserte lærarar til alle stillingane. Me har eit ungt personale, og no er det fleire som ventar "smått"!Difor leiter me etter deg med godkjent lærarutdanning, som har lyst til å bli med oss på Rosselandslaget. Me har ledig inntil 3 lærarstillingar i 100%. Stillingane har ulike startdatoar; 01.11.2026 eller 01.01.2027. I utgangspunktet er stillingane vikariat fram til sommaren 2027, men det er mogleg å få faste stillingar frå 01.08.2027 ved å søkja på Time kommune si fellesutlysning i februar 2027Rosseland skule er ein stor barneskule som ligg sentralt plassert i Bryne. Skulen har 557 elevar skuleåret 2026-27, og 80 tilsette i skule og SFO. Me kan tilby eit flott skulebygg. Skulen er ein del av "Jærskulen", og me ønskjer derfor å fornya oss, og vera i front av den generelle skuleutviklinga, både lokalt og nasjonalt.Me arbeider kvar dag for at barnet skal bli møtt og sett, og oppleva meistring aleine og saman med andre på laget vårt.Me er opptekne av at alle elevar skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Me er sertifiserte som Olweusskule og jobbar aktivt med "Laget rundt læraren og eleven", som er eit tverrfagleg samarbeid med blant anna PPT og helsesjukepleiarar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores