About this role
Time kulturskule skal tilsette ny kulturskulelærar i dans.Arbeidsinnhald er allsidig undervisning av danse-elevar i ulik alder, frå barnedans (førskulealder) til ballett og jazzdans frå 1.trinn opp til vgs-alder og ev. elevar på fordjupingsnivå. Me søkjer deg som ivrar for dansefaget og vil vera del av lærarkollegiet i ein attraktiv, framtidsretta og aktiv kulturskule. Time kulturskule har 24 tilsette og om lag 720 aktive elevplassar. Skulen tilbyr allsidig undervisning innan dei fem fagområda musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving. Skulekorpsa er del av musikktilbodet. Nokre av lærarane har del-stilling for kunstnarisk utøving med formidlingstilbod til institusjonar og prosjektbasert undervisning i barnehage og grunnskule. Vi har regionalt nettverk og samarbeid med kulturskular i nabokommunane. Danselærar er del av fagseksjon for dans. Kulturskulen sin base ligg sentralt og nært Bryne sentrum/Bryne togstasjon. Me har samlokalisering med Bryne skule om undervisningsrom og aula, hovudvekta av den faste undervisninga skjer her. Det er tilbod om desentralisert undervisning på krins-skulane for nokre fag. Me har nært samarbeid med lokalt kulturliv, helseinstitusjonar, grunnskule og barnehage. Det er ei viktig målsetting å vera synlege i lokalsamfunnet og elevane skal læra, utøva og oppleva gjennom dei estetiske faga. Kulturskulen forvaltar eit viktig samfunnsoppdrag og tilbyr tilpassa opplæring av høg kvalitet. Elevane skal vera del av eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Time kulturskule arbeider etter "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og har i tillegg lokale fagplanar. Undervisningsplattforma har fokus på "eleven som glødande punkt" og Vurdering for læring. Vår felles verdiplattform består av fem definerte område "kunstnarisk kompetanse og kreativitet, engasjement, samarbeid, ansvar, trivsel og respekt". Den kommunale kulturskulen i Time har tidlegare hatt nasjonal status som Demonstrasjonskulturskule. I dag er skulen eit etablert ressurssenter og ein samhandlande organisasjon for kunst- og kultur i lokalsamfunnet. Me arbeider etter visjonar for "Framtidas kulturskule i framtidas kommune".