About this role
Vil du gjera ein forskjell?Ønskjer du ein meiningsfull arbeidskvardag der du får nytta den sjukepleiefaglege kompetansen din til å gjera ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar og ROP-lidingar?Svertingstad og Kolheia bufellesskap er ein del av verksemda Psykisk helse og rus i Time kommune. Bufellesskapa er organiserte som ei avdeling, med eit felles fagmiljø som samarbeider tett for å gje gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane.Svertingstad bufellesskaper døgnbemannagir tenester til vaksne innbyggjarar med samansette behovhar fokus på auka meistring, sjølvstende og livskvalitetarbeider med individuelt tilpassa oppfølging, relasjonsarbeid og målretta miljøterapeutisk arbeidKolheia bufellesskapgir tenester til vaksne innbyggjarar med psykiske lidingarer ikkje døgnbemannaHos oss blir du ein del av eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø med sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar og fagarbeidarar som brenn for å gjera ein positiv forskjell i kvardagen til dei me følgjer opp.Me legg vekt på:fagleg kvalitetrespekt og gode relasjonarsamarbeid og tverrfagleg arbeidfagleg utviklingengasjement og ansvarMe søkjer no etter sjukepleiarar til to stillingar:ein sjukepleiar i 67 % fast stilling på natt ved Svertingstad bufellesskap, våkne nattevakter med arbeid kvar 3 helgeit 100 % vikariat for sjukepleiar, frå 25.01.2027 til 23.01.2028. Ordinær turnus med dag-, kveld- og langvakter. Arbeid kvar fjerde helg med langvakterBli ein del av laget vårtHos oss får du høve til å bli ein del av eit sterkt fagmiljø og vera med på å vidareutvikla tenestene til menneske med psykiske helse- og rusutfordringar.Kvar arbeidsdag gir deg høve til å gjera ein reell forskjell i andre menneske sine liv. Me håpar du vil bli ein del av laget vårt!