Now hiring

Leseglede- koordinator @ Time kommune

BryneOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Intern utlysingVil du vera med å skapa meir leseglede i Time-skulen?Time kommune har fått tilskot til å etablera tre stillingar som lesegledekoordinatorar i perioden januar 2027 til januar 2028. Målet er å styrkja leselyst, lesekompetanse og den pedagogiske bruken av skulebiblioteka i heile Time-skulen. Me lyser no ut tre interne 33 % prosjektstillingar.Me søkjer éin lærar frå småtrinnet, éin lærar frå mellomtrinnet og éin lærar frå ungdomstrinnet. Saman skal dei tre lesegledekoordinatorane utgjera eit kommunalt lesegledeteam som arbeider for å styrkja lesing, leseglede og gode lesevanar gjennom heile grunnskuleløpet. Teamet skal kombinera kompetansen frå dei ulike trinna og bidra til ein heilskapleg og målretta praksis for lesing frå 1. til 10. trinn.Me søkjer deg som har eit brennande engasjement for lesing og litteratur, og som ønskjer å vera med på å skapa leseglede og gode lesevanar hos barn og unge. Som lesegledekoordinator vil du arbeida tett saman med dei andre lesegledekoordinatorane, fagstab og kollegaer på tvers av skulane. Du får delar av arbeidstida di til planlegging og utviklingsarbeid på rådhuset.Stillinga inneber mellom anna å planleggja og gjennomføra faglege samlingar, dela gode undervisningsopplegg, rettleia kollegaer og bidra til at skulebiblioteket blir brukt aktivt som læringsarena. Du vil vera eit viktig bindeledd mellom skulane, lesenettverket og Time bibliotek, og vera med på å utvikla leselysttiltak som kjem alle elevane i kommunen til gode.Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å påverka utviklinga av leseopplæringa i Time-skulen og bidra til at endå fleire elevar opplever leseglede, meistring og lærelyst!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores