About this role
Me søker sjukepleiar! Er du sjukepleiar og vil jobbe i ein stor sjukeheimsavdeling? Me søkjer deg som har lyst til å stå på for å gjere ein forskjell. Me søkjer deg som kan bidra til ein teneste som er i stadig endring. Bryneheimen er ein sjukeheimsinstitusjon med 61 plasser fordelt på to etasjar. Her i andre etasje er det 32 somatiske sjukeheimsplassar. To av romma er ekteparrom, og me har nå også en eigen avdeling tilrettelagt for personar med demens. I andre etasje har me eit dyktig og engasjert personale som trives godt på jobb. Visjonen i Time kommune “Me skal gjera kvarandre gode”, ligger til grunne i alt me gjer. Du vil bli en del av natteamet, og vi har fire nattevaktar kvar natt på huset. Våre medarbeidarar er fagleg dyktige, løysningsorienterte og romslege. Arbeidsplassen har stor takhøgde, fleksibilitet og tempo, så her gjeld det å henga med i svingane. Me har stort fokus på fag og kvalitet og me gir medarbeidararne muligheit til både fagleg og personleg utvikling. Me vektlegg i stor grad arbeidsmiljø og kompetanseutvikling, det skal væra gøy og koma på jobb. Du vil gå i natturnus, med arbeid kvar 4. helg- me har årsturnus i avdeling og vil kunne legge til rette for en turnus du kan bli godt fornøgd med.På natten vil du ha sjukepleieransvaret, enkelte ganger ansvaret på huset. Teamet per natt består av 4 stk, og det er to nattevakter i hver etasje. Vikariatet har varighet på ett år- med mulighet for forlengelse.