About this role
Me søker ein fagleg engasjerte vernepleiar/sjukepleiar til allsidige arbeidsoppgaver i 100 % fast stilling, turnus dag/kveld samt arbeid kvar 4 helg med langvakter. Miljøtenesta i Time kommune er i stadig vekst. Vi har for ledig stilling for tida ved Kringlemyr bufellesskap og ambulerande tenester, som er ein del av Miljøtenesta i Time kommune.Me søkjer deg som er glad i å jobbe med menneske, og som har erfaring innan miljøarbeid, psykisk og somatisk helse og pleie. Du har erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, og er oppteken av å sjå den enkelte sine ressursar og moglegheiter. Du trivst i ein variert arbeidskvardag, tek ansvar og ønskjer å utvikle deg både fagleg og personleg. Samstundes er du ein positiv lagspelar som bidreg til eit godt miljø for både tenestemottakarar og kollegaer. Kringlemyr bufelleskap/ambulernde gjev tenestar til 24 brukarar i alderen 18 til ca 78 år. Fem av brukarane mottar tenester i tilknytning til basen. Resterande av brukarane mottar ambulerande timebaserte tenestar.