About this role
Det er behov for vikar for ein fastlege som skal i permisjon ved Sandtangen legesenter på Bryne fra 19. oktober 2026 til ca. 9. august 2027.Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande. Sandtangen legesenter er sentralt plassert i sentrum av Bryne, like ved togstasjonen.Legesenteret består av 8 fastlegar, både spesialistar i allmennmedisin og legar under spesialisering.Me har eit inkluderande arbeidsmiljø der trivsel i arbeidskvardagen står i fokus, anten det gjeld det faglege eller det sosiale. Legar i spesialisering får god rettleiing og supervisjon, med låg terskel for å drøfte ting i kollegiet.Me har eit fantastisk hjelpepersonell som består av sjukepleiarar, bio-ingeniør og helsesekretær. Desse er svært veldrevne og sjølvstendige i sine arbeidsoppgåver.Legekontoret er moderne utstyrt i flotte og sentrumsnære lokaler. Me har blant anna EKG, spirometri og ultralyd som brukast i den diagnostiske kvardagen. Legesenteret har Webmed som journalsystem. Dette er eit svært godt journalsystem, som er enkelt å setta seg inn i. Det er kort vei til togstasjon.