Now hiring

Pedagogisk leiar @ Time kommune

KvernalandOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kvernaland barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.09.2026. I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det. Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Fleire av personalet har vært med frå byrjinga og har vore med på å forme barnehagen heilt frå starten av. Me har ein barnehage som bidreg til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, ein god og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen har areal og utstyr til leik og varierte aktivitetar som fremmar bevegelsesglede, gjer allsidig bevegelseserfaring, sanseerfaring og moglegheit til å læra og meistra. Me har lagt vekt på ein god veksling mellom leik, læring, konsentrasjon, utfolding og kvile. Miljøet er utforma slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar. Det er teke høgde for ulike pedagogiske trendar og skiftande bruk. Her kan du sjå litt meir om Kvernaland barnehage: https://youtu.be/1RU8LpRDQO0?si=aMTyrMXpCb3vXcie Kvifor søke på arbeid hjå oss?Godt arbeidsmiljø: Kvernaland barnehage kan tilby eit positivt og støttande arbeidsmiljø der personalet verdsettast og trivastFokus på barnas trivsel og læring: Me har eit stimulerande læringsmiljø der barna trivest og utviklar segFagleg utvikling: Det er moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom etterutdanning, intern opplæring, jobbskyggeaktivitet i EØS/EU land og planleggingsdagar. Me har for tida eit 3-årig prosjekt kor me dreiar fokus frå individ til fellesskap. I den samanheng har me har ein eigen inkluderingspedagog i tillegg til grunnbemanning. Vår satsing i dette arbeidet er fokus på vaksenrollen, kultur, haldningar og verdiar. Robuste barn og leik. Gode ressursar: Kvernaland barnehage kan tilby eit godt barnehagebygg med store inneareal for allsidig leik og utvikling. Me prioriterer bruk av vikarar ved fråvær slik at resterande personale har kapasitet til å utføra jobben på ein tilfredsstillande måte. Moglegheit for påverknad og deltaking: Som tilsett i Kvernaland barnehage har ein moglegheit til å bidra til utviklinga av barnehagen og vera med på å forma og implementera nye initiativ og tiltak.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores