About this role
SFO på Lye skule treng fleire med på laget. Me søker deg som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god kvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vera ein viktig fagperson som i tett samarbeid med kollegaer arbeider for at kvar enkelt elev blir teken på alvor og sett kvar dag. SFO på Lye skule har i dag 115 elevar og 11 tilsette i ulike typar stillingar. Hos oss har me fokus på leik, inkludering og vennskap, samt trivsel blant både vaksne og barn.