About this role
Kjære alle dyktige helsefagarbeidarar!Me har ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar i eitt år ved demensavdelinga på Sivdamheimen 1. etasje. Stillinga er ei rein nattevaktstilling med arbeid anna kvar/kvar tredje helg. Me ser etter deg som ønskjer å vere med i medarbeidargruppa vår og bidra til tryggleik, glede og omsorg for personar med demens. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø der pasientane våre står i sentrum, og der me arbeider saman for å skape gode dagar og netter. Avdelinga har årsturnus, og frå januar 2027 vil du ha moglegheit til å vere med og påverke din eigen turnus.Sivdamheimen ligg sentralt til, med kort avstand til både Bryne sentrum og buss- og togstasjon. Avdelinga er organisert i tre fløyar med sju pasientar på kvar fløy.Me har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar. Saman arbeider me målretta for å gje pasientane ein trygg og tilrettelagd kvardag, med fokus på meistring, trivsel og best mogleg livskvalitet.Hos oss får du arbeide i eit tverrfagleg miljø der fagutvikling, kvalitet, brukarmedverknad og nytenking står sentralt. Samstundes legg me vekt på eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, engasjement og godt humør er ein naturleg del av kvardagen. Institusjonstenestene i Time kommune har eigen fagutviklar med særleg fokus på kompetanse-utvikling, pasientsikkerheit og kvalitet. Me har òg eit tett og godt samarbeid med kommunen sin demenskoordinator.Ønskelig med oppstart 1.september