Now hiring

Helsefagarbeidar @ Time kommune

BryneOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

På jakt etter ein jobb med varierte arbeidsoppgåver og meiningsfulle dagar? Røyrvika omsorgsbustadar ligg sentralt på Bryne, med kort veg til både sentrum og buss- og togstasjon. Me tilbyr bustad og oppfølging til 22 bebuarar med ulike ressursar, behov og livssituasjonar. Fleire har samansette helsebehov og mange fagområde bidreg for å sikra gode helse- og omsorgstenester. Røyrvika er ein del av avdelinga Psykisk helse og rusarbeid, og me arbeider for å skapa trygge og gode rammer der den enkelte bebuar kan oppleva meistring, utvikling og livskvalitet. Her møter du menneske med samansette behov, noko som gir både faglege utfordringar og moglegheiter for læring og utvikling.Hos oss får du ikkje berre ein jobb – du får moglegheit til å gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som treng det. Du blir ein del av eit tverrfagleg og engasjert fagmiljø med om lag 60 tilsette fordelt på 30 årsverk. Me legg stor vekt på samarbeid, fagutvikling og brukarmedverknad, og me arbeider kontinuerleg for å utvikla tenestene våre. Samstundes er me opptekne av å ta vare på kvarandre og skapa eit arbeidsmiljø, prega av openheit, støtte og godt humør.Avdelinga har årsturnus, og frå januar 2027 vil du få moglegheit til å påverka eigen turnus gjennom turnusplanlegginga.Me har ledig fleire stillingar :100% fast, 1 stilling som helsefagarbeidar100 % vikariat, 2 stillingar som helsefagarbeidar. Vikariat i eitt år, med moglegheit for forlening.Helgestillingar, 3 stk. faste stillingar, herav ei 1 nattstilling og 2 dag/kveld stillingar. Nokre av helgene er kvar 3. helg og andre kvar 4. med langvakter. Ca 13-20% stillingOppstart etter avtale.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores