Now hiring

Ferievikar 2027 - Sjukepleiar, vernepleiar, studentar m.m. @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA SJUKEHUS - SOMATIKK

Volda, NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda har behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 33. Vi treng mellom anna sjukepleiar, vernepleiar, psykologstudentar og andre helse- og sosialfaglege studentar. Seksjonen består i dag av eit akutteam, eit ambulant allmenteam og eit ACT-team (Aktivt oppsøkjande behandlingsteam). Pasientopptaksområdet er Søre Sunnmøre.

Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.

  • Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.
  • Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller sosionom Helsefagleg student (sjukepleie-/ vernepleie-/ sosionom-/ barnevern- eller psykologstudent) som har gått minst 2 år av utdanninga Må meistre norsk skriftleg og munnleg Må ha førarkort klasse B (personbil) Ønskeleg med praksiserfaring innen psykisk helsevern Personlege eigenskapar Du er ansvarsfull, løysingsorientert og strukturert Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer Du har stor arbeidskapasitet og et stort fagleg engasjement Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre Du har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner Du fungerer godt i tverrfaglege team Personlege eigenskapar vert særleg vektlagde ved tilsetting.

Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår 3. års sjukepleierstudentar, vil ut frå gjevne kriterium, få fordelaktige vilkår i samband med ferievikaravtalar For meir informasjon om vår region, sjå her . KontaktinformasjonJanita Ulvestad Håhjem, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstedKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5209996474 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.

Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di."

Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores