About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda har behov for medisinstudent med lisens i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 33. Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov.
- Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din.
- Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide.
- Ein må pårekne å arbeide annankvar helg.
- Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
- Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar Medisinstudent med lisens Må ha førarkort klasse B (personbil) Må beherske norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer Fagleg interessert og lærevillig Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal Bidreg til eit godt arbeidsmiljø Trivst i ein aktiv og travel kvardag Vi tilbyr Høgt fagleg nivå Trivleg arbiedsmiljø Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar For meir informasjon om vår region, sjå her.
KontaktinformasjonJanita Ulvestad Håhjem, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstedKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5209992203 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar.
Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di."
Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden.
Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no