About this role
Vil du bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane og deira pårørande. Vi ynskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
- Medisinske legar og kirurgiske legar har behov for vikarar for LIS1/medisinstudent med lisens i i perioden veke 24 - 33.
- Informasjon til søkjaren: Tilsetjing vil skje fortløpande.
- Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov.
- Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din.
- Av søknaden må det kome fram ved kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide.
- Ein må pårekne å arbeide annankvar helg.
- Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
- Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du har engasjement og arbeidsglede Du medverkar til å gi eit godt tilbod til pasientane du møter God kompetanse, samarbeidsevner og positive haldningar vert lagt vekt på Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar For meir informasjon om vår region, sjå her . Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda.
Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er god infrastruktur og korte avstandar på Søre Sunnmøre og til delar av Nordfjord. Bu- og arbeidsmarknadsregionen utgjer omlag 65 000 innbyggjarar. Ørsta/Volda lufthamn har fleire daglege samband til Bergen og Oslo.
Sjå meir om Volda her KontaktinformasjonOlav Skjærpe Brattli, Overlege gastroent. kirurgi, [email protected] Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar, Kirurgiske legar, [email protected] Miriam Wiksnes, Seksjonsleiar, Medisinske legar, [email protected] ArbeidsstedKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5209624502 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.
Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no