About this role
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Helse Møre og Romsdal har behov for jordmødre og jordmorstudenter til ulike ferievikariat sommaren 2027. Det er behov i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34.Det er behov ved følgande seksjonar: Føde og barsel SNR Føde, barsel og gyn. pol. Volda Føde og barsel Ålesund Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande.
Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som jordmor Jordmorstudentar kan søkje og verte vurdert for stillinga Må beherske norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er engasjert, fleksibel og har godt humør Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår For meir informasjon om vår region, sjå her . KontaktinformasjonMarianne Omvik , Seksjonsleiar - Føde Ålesund, [email protected] Martha Molvær , Seksjonsleiar - Barsel Ålesund, [email protected] Heide Rinn Grimstad, Seksjonsleiar - Føde, barsel Volda, [email protected] Ingeborg Hjertvik, Seksjonsleiar - Føde, barsel SNR, [email protected] ArbeidsstedÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5209613202 Stillingsprosent: 100% Ferievikar Søknadsfrist: 31.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal.
Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di."
Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Les meir om oss på www.helse-mr.no