Now hiring

Er du lege som ikkje har fått turnusplass? @ HELSE FØRDE HF LÆRDAL SJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få eit stort fagleg utbytte? Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg!

Legegruppa ved medisinsk avdeling på Lærdal sjukehus har behov for legevikar (cand.med.) i perioden 15.02.2027-31.08.2027. Vi søkjer deg som tek ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Hos oss får du varierte medisinske utfordringar og eit godt arbeidsmiljø.Du vil arbeide ved sengepost, delta i visittgang og inngå i vaktordninga. På alle vakter har du tilgang til erfaren overlege.

Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF. Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylkesgrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.

Arbeidsoppgåver Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengepost og poliklinikk Stillinga inngår i tredelt plan med arbeid på dag/kveld/natt og arbeid 3. kvar helg.

Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som lege med full rekvisjonsrett - Cand.med. Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg Gode IKT kunnskapar Kjennskap til DIPS Arena og Meona er ein fordel Erfaring frå helsevesenet er ein fordel Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner og vere fleksibel Tåle tidvis høgt tempo Ha pasienten i fokus Vi tilbyr Utviklande arbeid Varierte medisinskfaglege problemstillingar Godt arbeidsmiljø Hjelp med å skaffe bustad Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Personalhytte på Filefjell Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.

Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonHrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk seksjon LSH, (+47) 415 30 456 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6887 LÆRDAL Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5204362298 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 15.02.2027 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 02.12.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer.

Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.

Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Skills

Cand.med

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores