Now hiring

Sjukepleiarar @ HELSE FØRDE HF LÆRDAL SJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg! No søkjer vi sjukepleiarar til ledige stillingar ved medisinsk sengepost og dialyse . Medisinsk sengepost 80 % fast stilling frå snarast 100 % vikariat frå snarest til 01.09.2027 100 % vikariat frå 01.11.2026 - 01.11.2027 90 % vikariat frå 01.11.2026 - 01.11.2027 Kombinasjonsstilling medisinsk sengepost og dialyse 80 % fast stilling frå snarast Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte. Vi ber om at søkjarane opplyser i søknaden kva for stilling(ar) dei ønskjer å bli vurderte for. Om medisinsk sengepost Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp. Om dialysen Dialysen er open mandag til lørdag. Kva kan vi tilby deg ved Lærdal sjukehus Hos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter. Bu og arbeide i Lærdal Lærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utanfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her: Lærdal kommune. Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiaren Arbeidsoppgåver Mottak og oppfølging av pasientar Delta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga Samarbeid i team med andre yrkesgrupper Delta i opplæring og rettleiing av studentar Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar Arbeid i snitt kvar tredje helg, moglegheit for langvakter på helg Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg Gode IKT-kunnskapar Erfaring innen overvaking blir vektlagt Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne Personlege eigenskapar Har eit tydeleg pasientfokus og utøver arbeidet i tråd med faglege og etiske verdiar Arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver Gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt fagleg og kollegialt miljø Fleksibel og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyr God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Personalhytte på Filefjell Moglegheit for hjelp med bustad ved behov (opplys i søknaden dersom dette er aktuelt) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6887 Lærdal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5177847652 Stillingsprosent: 80% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 24.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores