About this role
Vil du ha ein variert og lærerik sommarjobb i eit triveleg fagmiljø? Medisinsk poliklinikk ved Lærdal sjukehus har ledig eit sommervikariat i perioden 21.06.2027–22.08.2027. Stillinga kan vere aktuell for autorisert sjukepleiar, sjukepleiarstudent, medisinstudent eller helsefagarbeidar. Poliklinikkane tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar innan hjartesjukdommar, mage- og tarm sjukdommar, infusjonsbehandling, lungesjukdommar og ortopedi. Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for kommunane i Indre Sogn.
Lærdal ligg innerst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er det flott vestlandsnatur i nærleiken som kan brukast heile året. Ved fjorden er det flotte forhold for båtliv, kano/kajakk, bading, sauna og klatring. Lærdal og nabokommunane har i løpet av sommaren fleire festivalar, mellom anna Jordeplerock, Målrock, Kom heim-festival og Fresen. Her er òg treningsstudio, kafear og kino. Velkomen til Lærdal!
- Arbeidsoppgåver Poliklinisk omsorg på alle fagområda.
- Kvalifikasjonar Autorisert sjukepleiar Sjukepleiarstudentar, medisinstudentar og helsefagarbeidarar vert også oppmoda om å søkje Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg Erfaring med bruk av DIPS er ein fordel Personlege eigenskapar Du har motivasjon og interesse for fagfelta Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik Du må ha evne til systematisk arbeid Vi tilbyr Varierte og spennande arbeidsoppgåver Opplæring Lønn i samsvar med gjeldende overenskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Trivelig arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonAnja Myklemyr, Einingsleiar Medisinsk poliklinikk, (+47) 975 38 392 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6887 Lærdal Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201420345 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 21.06.2027 Sluttdato: 22.08.2027 Søknadsfrist: 17.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.
Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.