Now hiring

Storevatn barnehage søker pedagogisk leiar i 100 % vikariat @ Kinn kommune

Florø, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og skape ein trygg, utviklande og inspirerande kvardag for barn? Storevatn barnehage søkjer pedagogisk leiar i 100 % vikariat frå 01.02.2027 til 31.07.2027, med moglegheit for forlenging. Storevatn barnehage ligg sentralt i Florø og er ein femavdelings barnehage for barn i alderen 1-5 år. Våren 2027 vil barnehagen ha om lag 77 barn og 21 tilsette.Vi har to-pedagogordning og eit kompetent personale med høg fagleg kvalitet. Barnehagen er teamorganisert, og vi arbeider systematisk i profesjonsfaglege læringsfellesskap gjennom fellestid og planleggingstid.

Målet er å skape dei beste vilkåra for barn si utvikling, leik og læring.I Storevatn barnehage er vi opptekne av tryggleik, samarbeid og eit godt arbeidsmiljø. Gjennom verktøya Start Smart og teamkontrakt arbeider vi aktivt for å byggje sterke team, gode relasjonar og ein arbeidskvardag prega av tillit, medverknad og fagleg utvikling. Barnehagen sin visjon er tryggheit, trivsel og tillit. Dette ligg til grunn for alt arbeidet vårt og skal bidra til at barn, føresette og tilsette opplever eit inkluderande fellesskap der alle får høve til å utvikle seg og meistre.

Kinn kommune si satsing i 2027 er leselyst. I Storevatn barnehage ønskjer vi å knyte dette tett saman med inkluderande leik, språkstimulering og leseglede, slik at alle barn får oppleve glede, tilhøyrsle og utvikling gjennom litteratur og samspel.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores