About this role
Kinn Psykisk helse og rus har avdeling i Måløy og Florø. Psykiske helseproblem og rusmiddelproblematikk oppstår i alle aldersgrupper, og i alle delar av befolkninga. Kinn psykisk helse og rus tilbyr helsehjelp til unge, vaksne og pårørande. Vi bistår blant anna med samtaleoppfølging og miljøterapeutisk oppfølging til personar heimehøyrande i kommunen. Vi arbeidar brukarnært og mange av dei personane vi føl opp treng tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. Dei tilsette i avdelinga har stor grad av fagleg kompetanse og er opptekne av å yte gode tenester. Vi arbeidar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet, og fordrar at ein er trygg på eigne avgjersler.Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt til avdelinga vår.
Stillinga er ei turnusstilling med arbeid på dag, kveld, i langvakter og på helg. Snarlig tiltreding til 05.12.27 med mulighet for forlengelse.