About this role
Intern utlysing Vi søker ein engasjert og sjølvstendig rådgjevar som vil bidra til å leggje til rette for eit aktivt og mangfaldig kultur- og idrettsliv i kommunen. Som rådgjevar blir du ein del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø med varierte oppgåver og brei kontakt med frivilligheita, innbyggjarar og andre samarbeidspartnarar. Kulturtenesta har om lag 30 tilsette fordelt på 15 årsverk i Florø og Måløy. Tenesta har ansvar for eit breitt spekter av kulturtilbod og aktivitetar, mellom anna bibliotek, ungdomsklubbar, kulturhus, kino, idrett, BUA utlånssentralar, frivilligsentralar, Den kulturelle skulesekken, kulturtilbod til eldre og kulturarv.
Vi samarbeider tett med andre kommunale tenester, frivillige lag og organisasjonar, kunst- og kulturaktørar og offentlege instansar. Frå 1. januar 2027 blir kulturtenesta og kulturskulen slått saman til éi teneste. Stillinga rapporterer til kultursjef. Du kan velje kontorstad i Florø eller Måløy, men noko reiseverksemd mellom kommunedelane må påreknast.