About this role
Kinn kommune har ledig eit 100 % vikariat som anskaffingsrådgjevar i 12 månader, med moglegheit for fast tilsetjing. Arbeidsstad er Florø. Kinn kommune er vertskommune for Innkjøpssamarbeidet i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn (INSS). Vi gjennomfører felles anskaffingar for INSS og anskaffingar for Kinn kommune. Arbeidet omfattar store verdiar og inneber eit viktig ansvar for at fellesskapet sine midlar blir brukte på ein god og ansvarleg måte. Hos oss får du høve til å arbeide med eit breitt spekter av anskaffingar, mellom anna innan varer, tenester, IKT og bygg og anlegg.
Du vil samarbeide tett med ulike fagmiljø og få høve til å følgje anskaffingsprosessar frå planlegging til kontraktsinngåing og oppfølging. Anskaffingsavdelinga er organisatorisk plassert i kommunedirektøren sin stab og blir leia av anskaffingssjefen. Vi er i dag fem tilsette og søkjer no ein ny kollega til fagmiljøet vårt.