Now hiring

Brannsjef (Leiar for brann- og redningsvesenet) @ Kinn kommune

Florø, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du leie brann- og redningstenesta i Kinn og Bremanger? Kinn kommune har høge ambisjonar om å vere ein tydeleg samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte leiarar og medarbeidarar. Godt førebyggande og beredskapsarbeid er avgjerande for å sikre tryggleik og tillit i omstillinga samfunnet står i. Vi søkjer ein brannsjef som kan leie ei viktig teneste, skape eit godt arbeidsmiljø og utvikle brann- og redningsarbeidet i samarbeid med medarbeidarar og andre aktørar.

Brann- og redningstenesta har om lag 13 heiltidstilsette og 110 deltidstilsette, inkludert mannskap i Bremanger. Kinn kommune har avtale med Bremanger kommune om brann- og redningstenester. Som brannsjef har du ansvar for den daglege leiinga, økonomien, medarbeidarane og den faglege utviklinga av tenesta. Du er tenesteleiar og rapporterer til kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø.Vi ønskjer ein leiar som er tydeleg, lyttar til medarbeidarane og tek ansvar for eit godt samarbeid. Du må kunne ta avgjerder, handtere krevjande situasjonar og få folk til å arbeide mot felles mål.Kinn kommune vurderer eit tettare samarbeid med andre kommunar om brann- og redningstenester.

Eit interkommunalt selskap (IKS) er eitt av alternativa. Den nye brannsjefen vil få ei viktig rolle i dette arbeidet. Tenesta kan få ei anna organisering i framtida. Eventuelle endringar i ansvar og oppgåver vil bli handterte etter gjeldande lov- og avtaleverk.Du får kontorstad i Florø, men må rekne med å reise mellom ulike arbeidsstader i Kinn og Bremanger

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores