About this role
Er du vår nye klinikkleiar i Norheimsund/Odda klinikkområde? Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar. Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus.
Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt. Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland. God leiing av klinikkane er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø. No søkjer vi etter ein klinikkleiar som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom engasjerande og framtidsretta leiing. Her får du ei rolle der du tek vare på menneska og bidreg til å utvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest.Norheimsund/Odda klinikkområde består av klinikkane Norheimsund , Odda og Lofthus tannklinikk.
Lofthus tannklinikk er ein ambuleringsklinikk som betjenast av personell frå Odda. Norheimsund og Odda tannklinikk er begge to mellomstore klinikkar. Norheimsund: 3 tannlegar, 3 tannpleiarar og 3 sekretærar, og Odda: 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 sekretærar. Tilsammen 17 tilsettePer i dag er kontorplass for klinikkleder i hovedsak i Norheimsund , men kan og være lokalisert i Odda.