Now hiring

Miljøarbeidar @ Vestland fylkeskommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Skulen har ledig 100 % fast stilling som miljøarbeidar. For å hjelpe oss med å utvikle og vidareføre eit trygt og godt miljø for elevane våre, søkjer vi ein miljøarbeidar som kan støtte elevane i skulekvardagen. Stillinga følgjer skuleåret, noko som inneber 89 % løn i 100 % stilling. Askøy vidaregående skule har omlag 780 elevar og 125 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med god offentleg kommunikasjon til alle delar av Askøy og Bergen. Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper. Vi har som mål at alle elevar på skulen vår skal ha ein trygg og god skulekvardag, med rom for læring og deltaking i fellesskapet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores