About this role
Åsane tannklinikk aukar opp bemanninga og søkjer etter tannlege til 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå 01.01.2027.Åsane tannklinikk har per i dag til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Vi har moderne utstyr og eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis.
Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.