Now hiring

Klinikkleiar @ Vestland fylkeskommune

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar. Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt.

Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland. God leiing av klinikkane våre er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø.

Har du lyst til å leie eit av dei mest spennande og fagleg sterke miljøa innan offentleg tannhelseteneste i Noreg? Tannhelsekompetansesenteret i Vestland ( TkVestland) søkjer no to engasjerte og tydelege klinikkleiar til vår spesialistklinikk i Bergen, som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom god og framtidsretta leiing.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores