About this role
Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP) har no ledig 100% fast stilling! I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon. Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre. Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med førstelinjetenesta. Det kan også verte høve for tilsetting i eitt årsvikariat. Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
- Arbeidsoppgåver Utgreiing og behandling av psykiske vanskar Rettleiing til foreldre/føresette Rettleiings- og konsultasjonsoppgåver til samarbeidspartar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Ynskjeleg med vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar eller pediatrisjukepleiar Sosionom/klinisk sosionom eller barnevernspedagog/klinisk barnevernspedagog kan og være aktuelle for stillinga Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern, barnevernstenesta eller erfaring frå familieorientert arbeid vert vektlagt God munnleg og skriftleg framstillingsevne Gode datakunnskapar God kjennskap til lover og forskrifter Politiattest må framleggast Sertifikat for bil er ynskjeleg på grunn av utadretta arbeid Personlege eigenskapar Du har evne til å jobbe i team Du har evne til å omstille deg i forhold til ulike situasjonar og pasientforløp Du er målretta, løysningsorientert og fleksibel Du har god kommunikasjonsevne Du kan både arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre Ved tilsetting vert det lagt vekt på personleg dugleik og på evne til samarbeid, samt effektivitet.
- Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Høve til fagleg utvikling Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her .- Og her.
KontaktinformasjonKari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, [email protected] ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5202400899 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 18.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester.
Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt.
Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side.
Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal