Now hiring

Operasjonssjukepleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA SJUKEHUS - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledige vikariat for autoriserte operasjonssjukepleiarar ved operasjonsavdelinga på Volda sjukehus. Seksjon for operasjon i Volda utfører operasjonar innan ortopedi, generell kirurgi, urologi, gynekologi og fødselshjelp. Seksjonen deltek også i sjukehuset sitt traumeteam og har ein variert og spennande arbeidskvardag. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med høg kompetanse og fokus på kvalitet og pasienttryggleik. Arbeidskvardagen er prega av tett tverrfagleg samarbeid, høgt tempo og varierte oppgåver, alltid med pasienten i sentrum. Seksjonen har stor aktivitet, og dei tilsette arbeider i tredelt turnus. Vi søkjer deg som er fagleg interessert, samarbeidsviljug og trivst i eit aktivt og utviklande arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Operasjonsjukepleie innan aktuelle fagområder Planlegge, gjennomføre og evaluerer pasientbehandling i operasjonsavdelinga Sikre pasienttryggleik og kvalitet i behandlinga Samarbeide tett med anna helsepersonell for heilskapleg behandling Delta i opplæring og rettleiing av nytt personell Bidra til kontinuerleg forbetring av rutinar og prosedyrar Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar Vidareutdanning som spesialsjukepleiar innan operasjon Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skrifteleg Personlege eigenskapar Du er strukturert Du er sjølvstendig og bidreg til eit godt samarbeid Du er fleksibel Du er motivert av fag og fagutvikling Du medverker til eit godt arbeidsmiljø Du trivst i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her . KontaktinformasjonCamilla Brungot Kile, Konstituert seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5183926798 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 07.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores