Now hiring

Sekretær @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA SJUKEHUS - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Servicetorget er ein viktig funksjon i sjukehuset si verksemd og fungerer som eit sentralt kontaktpunkt for pasientar, besøkande og tilsette. Vi søkjer ein dyktig, nøyaktig og serviceinnstilt medarbeidar som ønskjer å vere med på å vidareutvikle fagområdet ved seksjon for internservice. Stillinga inneber tett samarbeid med kollegaer i seksjonen og med tilsette på tvers av sjukehuset. Du vil få ein variert arbeidskvardag med oppgåver innan sentralbordtenester, kortproduksjon, pasientinformasjon og samhandling med avdelingane i sjukehuset. Vi ser etter deg som er strukturert, løysingsorientert og trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i team. Arbeidsoppgåver Arbeid i Servicetorg i Helse Møre og Romsdal Sentralbord Kortproduksjon - IDkort og adgangskort Informasjon til pasienter, pårørende og ansatte Daglege driftsoppgåver Videreutvikling og kvalitetssikring av servicetorget Delta i digitaliserings- og forbetringsprosessar Det kan bli endring i arbeidsoppgåver ved eventuelle strukturendring i drifta Kvalifikasjonar God IKT kunnskap og kompetanse Erfaring frå servicefunksjoner innan spesialisthelsetenesta er ein fordel Gode kommunikasjonsevner i norsk munnleg og skriftleg Erfaring med teamarbeid er en fordel Personlege eigenskapar Du har gode framstillings- og kommunikasjonsevner Du er sjølvstendig, nøyaktig, strukturert og kvalitetsbevisst Du er utvikling- og løysningsorientert Du har gode samarbeidsevner, viser fleksibilitet og endringsvilje Du medverkar til fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her . Kontaktinformasjon Eva Britt Lervåg, Seksjonsleiar, +47 41689191, [email protected] Arbeidsstad Kløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5174037560 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores