About this role
Vi har ledig 100% fast stilling som ergoterapeut/spesialergoterapeut fra og med 14.12.26 Seksjonen vår har om lag 26 årsverk fordelte på sjukepleiarar, fysioterapeutar, sekretærar, ergoterapeut (1 årsverk) og klinisk ernæringsfysiolog. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi er avhengige av kvarandre og set stor pris på alle tilsette. For ergoterapeuten er arbeidet variert og givande, med oppfølging av både medisinske og kirurgiske pasientar – både inneliggjande og polikliniske. Du vil møte eit breitt spekter av diagnosar og arbeide med både elektive og akutte pasientforløp Du vil vere ein viktig del av tverrfagleg utgreiing og behandling av pasientar ved Volda Sjukehus. Arbeidsoppgåver Kartlegging og vurdering av kognitiv funksjon Aktivitetsobservasjon og kartlegging i ADL Kartlegging av motorisk funksjon Tidleg rehabilitering Samhandle tverrfagleg internt og eksternt Undervisning og rådgjeving av helsepersonell Delta i kvalitetsarbeid og utvikling av prosedyrer og pasientforløp Kvalifikasjonar Autorisert ergoterapeut/spesialergoterapeut Må beherske norsk skriftleg og munnleg Fordel med erfaring frå sjukehus Personlege eigenskapar Du har gode samarbeidsevner og trivst med tverrfagleg arbeid Du har pågangsmot og gjennomføringsevne Du er serviceinnstilt og engasjert Du er sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her . KontaktinformasjonSuzanne Kathrine Saunes Aschehoug, Seksjonsleiar, +47 70058297, [email protected] ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5152970025 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.09.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal