Now hiring

Sjukepleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA SJUKEHUS - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig tre vikariat i 100 % stilling frå 01.12.2026. Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit sterkt fagmiljø og trivelege, engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av fagområde, med pasienten i fokus og mål om å gi best mogleg behandling og omsorg. Sengeposten tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar, noko som gir deg som sjukepleiar varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling. For tida har vi 30 sengeplassar fordelte på fire grupper. Oppstart etter nærare avtale. Vil du bli ein del av laget vårt? Då håpar vi at du sender oss søknaden din! Arbeidsoppgåver Delta i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg Samarbeide tverrfagleg kring pleie og behandling av pasientar Bistå i mottak og overføring av pasientar mellom ulike omsorgsnivå Eit breitt spekter av sjukepleiefaglege oppgåver, mellom anna palliasjon, medikamenthandtering, samarbeid med pårørande og førstelinjetenesta. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå arbeid i sjukehus og kjennskap til medisinske fagområde er ein fordel Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du er strukturert Du er ansvarsbevisst og fleksibel Du er positiv, støttande og likar å samarbeide i team Du har gode samarbeidseigenskapar Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset. Les meir om Volda her . KontaktinformasjonLaila Moe Winjevoll, Seksjonsleiar, +47 47829022, [email protected] ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5186040953 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 30.11.2027 Søknadsfrist: 01.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores