About this role
Vil du vere ein del av eit engasjert fagmiljø innan psykisk helsevern? Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), C1 Tertnes døgnbehandling, har vi ledig eit 80% vikariat for sjukepleiar på natt i perioden 25.01.27 - 09.05.27.C1 er ein open allmennpsykiatrisk døgnpost med 15 sengeplassar. Vi tilbyr utgreiing, behandling og stabilisering til vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar. Behandlinga er tverrfagleg og tek utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov, ressursar og mål.Som sjukepleiar på natt har du ei viktig rolle i å sikre tryggleik, kontinuitet og god oppfølging av pasientane gjennom natta.
Du blir ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg utvikling og god pasientbehandling står sentralt.Vi ser etter deg som har interesse for psykisk helsevern, og som trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med kollegaer.Vi har per i dag ei turnusordning med arbeid kvar fjerde helg.