Now hiring

Lokal Sikkerheit Rehabilitering søker assistent i fast helgestilling langvakt dag @ Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å bidra til tryggleik, rehabilitering og utvikling innan sikkerheitspsykiatri? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerte i april 2026 ei ny lukka sengepost med åtte senger i Sandviken-området. Sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp, med særleg fokus på tryggleik, stabilisering, rehabilitering og gradvis tilbakeføring til eit lågare omsorgsnivå. Sidan oppstart i april 2026 har sengeposten bygd opp eit solid fagmiljø med høg fagkompetanse og god fagdekning gjennom heile døgnet. Medarbeidarane er kjenneteikna av fagleg engasjement, samarbeid og eit felles mål om å skape best mogleg behandling og utvikling for pasientane våre.

Fagfeltet er i kontinuerleg utvikling, og vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit viktig behandlingstilbod.Vi har ein ledig 18-26% fast helgestilling på dag for Assistent. Stillinga er primært organisert med langvakter om lag kvar fjerde helg. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju fortløpande i søknadsperioden.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores