About this role
Ønsker du å vere ein del av eit sterkt fagmiljø på ein døgnseksjon der pasientbehandling står i sentrum? Ved psykose døgnbehandling på Øyane DPS har vi ledig 100% fast stilling som psykolog. Oppfordrar også psykologspesialistar til å søke. Seksjonen er ein open døgnseksjon med fokus på rehabilitering av pasientar med psykoselidingar. Seksjonen har 8 sengeplassar. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykolog, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar, miljøterapeutar og assistentar.
Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt og har tett samarbeid med psykose poliklinikk/FACT, samt andre samarbeidspartnarar for å skape gode rammer for pasienten og bidra til å auke meistring og livskvalitet. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring, musikkterapi og fysisk aktivitet er også vesentlege element i behandlinga. Øyane DPS er eit av tre DPS ved Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus.
Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i naturskjønne omgivnadar på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 min køyring fra Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggarar over 18 år. Kommunane er i rask vekst og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og fleire samhandlingsprosjekt som er under arbeid.
Øyane DPS består av:* Allmennpsykiatrisk poliklinikk med eige akutteam og MBT team* Allmenn døgnseksjon med 8 senger* Psykose døgnseksjon med 8 senger* Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose.Er du ein psykolog (psykologspesialist) som er opptatt av å gi god kvalitet i pasientarbeidet, har engasjement for pasientar med psykiske lidingar og liker å jobbe saman med kollegaer til å skape eit trygt og utviklande arbeidsmiljø? Då håper vi du vil søke på denne stillinga.