Now hiring

Barne- og ungdomspsykiater til nyetablert tilbod for ungdom ved Regional sikkerheitsseksjon @ Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å bygge opp eit helt nytt tilbod for ungdom med alvorlege psykiske lidingar og høg valdsrisiko? Ved Regional sikkerheitsseksjon etablerer vi no eit nytt spesialisert tilbod for ungdom i Helse Vest. Vi søker ein engasjert barne- og ungdomspsykiater som ønsker å vere med å forme fagutviklinga, tenestetilbodet og behandlingskulturen frå starten av. Dette er ein sjeldan moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med fagutvikling i eit felt der behovet for kunnskap og spesialisert behandling er stort.

RSA Ung Vest er under etablering og er planlagt å vere i drift frå januar 2027. Tilbodet skal gi utgreiing og behandling til ungdom med alvorlege psykiske lidingar og samansett problematikk, ofte kombinert med betydeleg valdsrisiko. Eininga vil bestå av både døgnplassar og ambulante tenester, og skal betene heile Helse Vest i tett samarbeid med BUP-einingar, barnevernsinstitusjonar, kriminalomsorgen og øvrige spesialisthelsetenester. Tilbodet er etablert som ein oppfølging av nasjonale anbefalingar om å utvikle sikkerheitspsykiatriske tenester for barn og unge på regionalt nivå, tilknytta dei regionale sikkerheitsavdelingane.

Same tilbod byggast samtidig opp i Helse Midt og Helse Sør-Øst og det vil bli samarbeid nasjonalt. Helse Nord har inngått avtale med Helse Vest om at RSA Ung Vest vil betene deira opptaksområde for ein periode. Om Klinikk sikkerheitspsykiatri Regional sikkerheitsavdeling (RSA) er ein del av Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er organisert under Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken består av seks seksjonar og tilbyr spesialiserte tenester innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri.

Klinikken er ein av landets leiande fagmiljø der forsking, undervising og fagutvikling er sentrale delar av verksemda. Dette gir unike moglegheiter for samarbeid, kompetanseutvikling og vidareutvikling av spesialiserte behandlingstilbod. Vil du vere med og forme framtidas tilbod til ungdom med dei mest komplekse behandlingsbehova? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores