Now hiring

Assisterande seksjonsleiar @ Helse Bergen HF, Kreftklinikken

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kreftklinikken har ein regionsfunksjon og landsfunksjon innanfor medikamentell kreftbehandling. I kreft poliklinikken gir vi behandling i kurativ og palliativ intensjon, som for eksempel cytostatika og immunterapi. Vi utfører i tillegg sjukepleiekonsultasjonar og ulike prosedyrar, samt følger opp symptom og biverknader knytta til sjukdom og behandling. Kreft poliklinikk er ein stor seksjon med nær 75 tilsette. Personalet er organisert i 6 diagnoseteam for å ivareta pasienten på best mogleg måte.Vi fokuserer på ein heilskapleg og tverrfagleg tilnærming ovanfor pasientar og pårørande, for betre å kunne ivareta kontinuitet i pasientbehandlinga.

Kreft poliklinikken søker etter assisterande seksjonsleiar til 100% vikariat frå snarast og til august 2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga vil vere delt, der 60% vil vere assisterande seksjonsleiar og 40% vil vere i drift. Kreft poliklinikken har ein konstituert seksjonsleiar og to assisterande seksjonsleiarar, fordelt på 60% og 80% stilling. I tillegg har vi fagsjukepleiar i 60% stilling. Vi har tett samarbeid om fagutvikling og drift av seksjonen.

Ønsker du å arbeide i eit godt og utfordrande fagmiljø og bidra til å utvikle tenestene våre, håper vi at du søker denne stillinga!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores