Now hiring

Postdoktorstilling i translasjonell protonterapiforsking (ProtonSUMMIT) @ Helse Bergen HF, Kreftklinikken

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi lyser no ut ei spennande treårig postdoktorstilling knytt til ei stor satsing innan protonterapi, forskingsprosjektet ProtonSUMMIT ved Kreftklinikken, Haukeland universitetssjukehus (HUS).Helse Bergen HF og Universitetet i Bergen er leiande forskingsmiljø i utviklinga av protonterapi i Noreg. Miljøet er kjenneteikna av høg fagleg kompetanse, tett samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar og eit sterkt fokus på translasjonell forsking. Kreftklinikken ved HUS er regionsjukehus for kreftbehandling i Helse Vest og ein sentral aktør i nasjonal kreftforsking. Her får du vere med på å byggje opp eit nytt og banebrytande tilbod innan kreftbehandling, i eit miljø som verdset nysgjerrigheit, kreativitet og godt samarbeid.Protonterapi ble etablert i Bergen våren 2025. Vi er no i ein unik fase der vi både vidareutviklar pasienttilbodet og byggjer opp ein protonlab for prekliniske stråleeksperiment. Som postdoktor blir du del av eit tverrfagleg team innan medisinsk fysikk, strålebiologi, detektorteknologi, modellering og klinisk onkologi, med tett samarbeid med nasjonale og internasjonale partnarar.Prosjektet skal utvikle og undersøke 3D cellemodeller (organoider og organotypic modeller) fra pasienter for at bedre forståelse om biologisk effekt fra protonstråling. Stillinga er 100% i tre år og er knytt til Helse Bergen HF og i tett samarbeid med Universitetet i Bergen.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores