About this role
Vil du leie og utvikle ei sentral merkantil eining i eit av landets største kreftmiljø? Kreftklinikken har regionalt ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Vestland og Rogaland. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle framtidas kreftbehandling og pasientforløp, og dei merkantile tenestene er ein viktig del av dette arbeidet. No søkjer vi ein seksjonsleiar for kontorseksjonen. Dette er ei sentral leiarstilling med ansvar for 21 medarbeidarar og ein seksjon som har ei nøkkelrolle i pasientforløpa våre. Dei merkantile medarbeidarane møter pasientar og pårørande, koordinerer undersøkingar og behandling, følgjer opp ventelister og bidrar til at klinikken fungerer effektivt og forsvarleg. Vi ser etter deg som kombinerer forståing for sjukehusdrift og pasientadministrative arbeidsprosessar med evne til å skape engasjement, utvikle medarbeidarar og gjennomføre endringar i samarbeid med andre.Seksjonen står framfor spennande utviklingsarbeid knytta til arbeidsmiljø, oppgåvedeling, digitalisering og kontinuerleg forbetring, og du vil få ei sentral rolle i dette arbeidet.