About this role
Vinterdalen barnehage ligg i Sandviken like ved Sandviken sjukehus, heilt opp mot skogen og utsikt mot Byfjorden. Med 4 avdelingar og kring 60 barn er vi få nok til at alle kjenner kvarandre, men samstundes store nok til å skape eit variert og rikt sosialt miljø for både barn og tilsette. Eigar av barnehagen er Helse Bergen som til saman har 4 barnehagar. Barnehagen har no ledig to stillingar som barnehagelærar. Begge stillingane er midlertidige i tidsrommet 10.11. - 31.12.20266, med mogleg forlenging.1x100% stilling1x10% stillingVi søker engasjerte og varme barnehagelærarar som ønsker å bidra til eit trygt og utviklande miljø for barna.Vi ser etter deg som er positiv, raus og fleksibel i møte med både barn, kollegaer og føresette. Du er opptatt av å bygge gode relasjonar og bidra til eit trygt og utviklande miljø for alle i barnehagen. Du har ekte engasjement for barns leik og læring, og forstår verdien av å vere til stades i kvardagen – både som ein trygg vaksen og som ein aktiv deltakar i barnas opplevingar og utforsking.Gjennom refleksjon og utvikling skal vi skape gode kvardagar for barn og tilsette, og vi er opptatt av erfaringsdeling og kompetanseheving i organisasjonen vår. Livsmeistring og helse er satsingsområdet vårt, og vi samarbeider tett med andre barnehagar i Helse Bergen og NLA høgskulen om personalet sin faglege utvikling. Barnehagane i Helse Bergen tar del i internasjonalt samarbeid gjennom EU-programmet Erasmus + alle våre tilsette kan søke om å delta på studietur og besøke barnehagar i andre land. Internasjonalt samarbeid er eit unikt høve til å utvikle kvalitet ved å sjå på praksis i andre land og gjennom refleksjon med andre utdanningsinstitusjonar samtidig få eit blikk på eigen praksis.Synes du dette verkar spennande, og ser på deg sjølv som ein fagleg og engasjert barnehagelærar, er du velkommen til å søke stillingane hos oss. Vi treng motiverte medarbeidarar som vil vere med å gi barna våre gode kvardagar.