About this role
Medisinsk teknisk avdeling (MTA) har ledig vikariat som avdelingsingeniør ved Seksjon for intensiv og operasjon. MTA forvaltar medisinsk teknologi og informatikk i Helse Bergen. Vi tar også del i forsking, utvikling og innovasjon og har ansvar for utstyr til heimebehandling av pasientar. Arbeidsoppgåvene spenner over eit stort spekter som for eksempel å delta i anskaffingar og installasjon, planlegge og utføre service og oppdateringar, utarbeide rutinar og dokumentasjon og konfigurere medisinsk utstyr og IKT-systemløysingar.Avdelinga legg stor vekt på kompetansebygging med kursing både internt og eksternt. Hovudfokuset for avdelinga sine om lag 90 tilsette er at meir enn 50000 utstyrseiningar og tilhøyrande IKT-systemløysingar skal kunne nyttast til beste for pasientane, og vere trygge å bruke for pasientar og behandlarar. MTA er ein del av Drift/teknisk divisjon.