Now hiring

Engasjert Matvert @ Helse Bergen HF, Drift- /teknisk divisjon

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Matvert - 15% fast stillingEr du glad i mat, menneske og gode serviceopplevingar? Då kan dette vere jobben for deg!Helse Bergen søkjer ein engasjert og serviceinnstilt matvert til ei 15% fast stilling ved ein av våre matstover på Haukelandsområdet. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, og arbeid kvar tredje helg.Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen. Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar. Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar.Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 matstover.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores