Now hiring

Vi søkjer etter bioingeniør i grunnstilling - hos oss får du både fagleg vekst og gode vilkår @ Helse Bergen HF, Laboratorieklinikken

VossevangenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ser du etter ein jobb med variasjon innan fleire fagfelt og eit godt arbeidsmiljø?Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig fast 100% fast stilling som bioingeniør, og vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein variert og spanande arbeidskvardag med stor fagleg breidde, eit godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med andre profesjonar på sjukehuset.Kva kan vi tilby deg?Fagleg mangfald: Arbeid innan fleire fagfelt som gir deg høve til å utvikle deg på tvers av spesialitetar. Vi tilbyr fagfelt innan hematologi og koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse og blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologi hurtigtestar.Kjekt og inkluderande arbeidsmiljø: Vi har eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og lærer av kvarandre.Balanse mellom jobb og fritid: Voss er omgitt av fantastisk natur og har eit rikt tilbod av utandørsaktivitetar, frå fjellturar og rafting til alpint og paragliding. Her kan du både nyte naturen og ha ein aktiv livsstil.Kultur og fellesskap: Voss har eit mangfaldig kulturliv med kjente festivalar som Vossajazz og Ekstremsportveko, samt Voss Cup med tusenvis av deltakarar kvart år.Konkurransedyktig lønn og vilkår: Vi tilbyr løn etter overeinskomst, samt eigne tillegg som verdset både kompetanse og tilknytning. For deg som kjem utanfrå, har vi gode ordningar for bustad.Voss – ei bygd i vekst!Voss er ikkje berre ein idyllisk stad å bu, men også eit knutepunkt for transport med god tilknyting til både Bergen og andre populære destinasjonar på Vestlandet. Togturen til Bergen tek berre 1 time og 15 minutt, og med bil er du der på om lag 1 time og 35 minutt. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Oppstart etter avtale. Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores