About this role
Vi har ledig fast stilling som spesialingeniør/ instrumentansvarleg ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF).MBF er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt Napos, Noklus Hordaland og RELIS Vest. Avdelinga utfører ei rekke analysar innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument.
I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.Vi søker ein spesialingeniør med sterk interesse for avansert laboratorieinstrumentering og massespektrometri. Den som blir tilsett vil vere ein del av kjemikargruppa ved MBF, og ha ei sentral rolle i drift, vedlikehald og vidareutvikling av ein av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Stillinga er knytt til Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar og inneber samarbeid med instrumentansvarleg ved Hormonlaboratoriet og fleire seksjonar ved avdelinga. Seksjon for lege- og rusmiddelanalysar har mellom anna 9 LC-MS/MS-instrument, 3 LC-QTOF-MS-instrument, 1 GC-FID-instrument og 3 moderne robotar for handtering og opparbeiding av prøvemateriale.