About this role
Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av dei regionale helseføretaka, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Norsk koordineringssenter for blodberedskap - Nokblod er lokalisert i Helse Bergen og høyrer organisatorisk til på Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport.Senteret søker etter ein positiv og engasjert bioingeniør eller sjukepleiar til eit vikariat som varer ut 2027. Stillinga er ei dagstilling på 37,5 timar per veke, med tiltreding snarast.Bioingeniøren /sjukeplaiar vil ta del i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretak. Dette inkludere at du skal delta som kurshaldar/instruktør lokalt og nasjonalt og delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar. Bioingeniøren/sjukepleiaren skal også utføre arbeid tilknyttet utviklings og forskningsprosjekter som gjennomføres i senteret. Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land.