About this role
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012.Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.Avdelinga har ledig fast 100% stilling som fagbioingeniør, fagstillinga er knytt opp mot seksjon for blodgiving . Som fagbioingeniør vil du ha ei viktig rolle i seksjonen og bidra til fagleg utvikling, kvalitetsarbeid og dagleg drift. Det blir forventa at du arbeider i tråd med gjeldande prosedyrar og dei kvalitetskrava som er etablerte ved avdelinga.Ved Seksjon for blodgiving møter vi blodgivarar som gjennom sitt bidrag er avgjerande for pasientbehandlinga. Vi legg stor vekt på at blodgiving skal vere ei trygg og positiv oppleving for alle givarar, prega av god service, kvalitet og omsorg.Stillinga inneber varierte arbeidsoppgåver innan blodgiving og fagutvikling, i samarbeid med kompetente og engasjerte kollegaer. Dette er ei dagstilling med 37,5 timars arbeidsveke. Oppstart så snart som mogleg.