Now hiring

Vil du bli vår nye kjemikar og arbeide med avansert massespektrometri? @ Helse Bergen HF, Laboratorieklinikken

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du arbeide med avansert laboratorieteknologi i eit av Noregs største og mest spesialiserte massespektrometrimiljø? Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) i Helse Bergen har vi ledig ei fast stilling som kjemikar. Hos oss blir du ein del av eit sterkt og spesialisert fagmiljø, med ei av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Du vil arbeide med utvikling, validering og kvalitetsforbetring av analysar innan hormon, legemiddel og rusmiddel. Stillinga gir deg ei sentral rolle i den daglege laboratoriedrifta, samtidig som du får gode moglegheiter til å delta i fagutvikling, metodeutvikling og forskingsaktivitet.

Kven ser vi etter? Vi søkjer ein fagleg engasjert og nysgjerrig kjemikar med mastergrad eller ph.d. innan analytisk kjemi, biokjemi eller tilsvarande fagområde. Vi ser etter deg som har interesse for avansert analysearbeid, trivst med tekniske og faglege utfordringar og ønskjer å bidra til vidareutvikling av laboratorietilbodet vårt.Du treng ikkje ha erfaring frå sjukehuslaboratorium for å vere aktuell. Har du bakgrunn frå akademia, farmasøytisk industri, næringsmiddelindustri eller andre analytiske laboratorium, oppmodar vi deg til å søkje.

Vi ønskjer å kome i kontakt med kandidatar som har eit godt analytisk fundament, evne til å arbeide sjølvstendig og motivasjon for å utvikle seg vidare saman med oss.Litt om oss: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette. Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS.Vi utfører eit breitt spekter av analysar innan medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi. Verksemda vår omfattar omfattande rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon.

Laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.Alle LC-MS/MS-metodane er utvikla av kjemikarar ved avdelinga. Dette gir unike moglegheiter til å påverke utvikling, validering og implementering av nye analysemetodar. Seksjonane for hormonanalysar og lege- og rusmiddelanalysar har ein av dei største LC-MS-plattformane i norske sjukehuslaboratorium. Instrumentparken omfattar 16 LC-MS/MS-instrument, tre LC-QTOF-MS-instrument, eitt GC-FID-instrument og seks moderne robotar for prøvehandtering og prøveopparbeiding.

Skills

LC-MSISO 15189GC/FIDLC-QTOF-MS

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores