Now hiring

Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken @ Helse Bergen HF, Laboratorieklinikken

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Laboratorieklinikken treng fleire dyktige og engasjerte bioingeniørar! Ønskjer du ein fast heiltidsjobb i eit av Noregs største laboratoriemiljø? Eller er du bioingeniørstudent på jakt etter sommarjobb eller deltidsstilling ved sidan av studia? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorietenester i Noreg. Laboratorieklinikken tilbyr eit breitt spekter av analysar innan ulike fagområde. I tillegg til analytisk verksemd gir laboratoria rettleiing om bruk av analysar og tolking av analysesvar. Bioingeniørar utgjer den største faggruppa i laboratoria, og dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og legger til rette for eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og høy kvalitet i arbeidet.

Laboratoria i Laboratorieklinikken har behov for bioingeniørar og bioingeniørstudentar både no, sommaren 2027 og vidare utover hausten. Dette er ei felles utlysing for: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), inkludert: MBF GlasblokkeneMBF VossMikrobiologisk avdeling (MIA)Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT)Avdeling for patologi (PAT)Avdeling for medisinsk genetikk (MGM)Kreftgenomikk (SKG)Biobank Haukeland (BBH)Ved MBF, MIA, AIT og delar av PAT inngår turnusarbeid.Vi håpar du kan tenke deg å arbeide hos oss i Laboratorieklinikken. Dersom du har ønske om å arbeide ved eit bestemt laboratorium, ber vi om at dette blir oppgitt i søknaden.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores