About this role
Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ei aktiv og innhaldsrik fritid?Me har ledig 180% helsefagarbeider på den flotte arbeidsplassen vår:100 % vikariat som helsefagarbeider i eit år80 % vikariat som helsefagarbeidar fram til mars 2027I heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar og byggjer relasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenteret, som har opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen.Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.Stillinga inngår i årsturnus med dag-, kveld- og helgevakter. Ved interne rokkeringar tilset ein også i desse. Det kan bli moglegheit for forlenging av vikariat og eventuelt fast ansettelse avhengig av avdelinga sitt behov framover.Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid.