About this role
Vil du ha ein jobb der du gjer ein forskjell kvar dag, utviklar deg fagleg og der me har fokus på eit inkluderande arbeidsmiljø?Vinje sjukeheim søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 100 % fast stilling. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du er med på å skape tryggleik, meistring og gode opplevingar for bebuarane våre. Ved Vinje sjukeheim er me opptekne av å sjå den enkelte bebuar. Me legg vekt på livskvalitet og gode relasjonar. Kvar dag jobbar me for å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for bebuarane gjennom omsorg, fagleg kvalitet og aktivitetar som gir glede og meistring. Som medarbeidar hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der dine idear og meiningar blir hørt. Du får god opplæring, støtte frå erfarne kollegaer og moglegheit til å utvikle kompetansen din innan eldreomsorg og demensomsorg. Me nyttar årsturnus, noko som gir deg stor grad av fleksibilitet og innverknad på eigen arbeidskvardag. Saman skaper me ikkje berre gode dagar for bebuarane våre, men også ein arbeidsplass der folk trivst, utviklar seg og blir verande.Langtidsavdelinga har 25 rom fordelt på tre grupper. To av gruppene er tilpassa personar med demens, og ei gruppe er ei somatisk langtidsavdeling.